Paal-Helge Haugen/Arne Nordheim
RONDO FOR EIN SKUGGE
Det går ein skugge
gjennom lyse dagen.
Det er ein song som går igjen.
Ein framand gjest frå fjerne rike
der den mørke Lethe renn.
Eit hittebarn på vandring gjennom tida.
Ein mager skapnad frå den andre sida.
Det er ein heimlaus og forvilla song som går igjen.
Han kjem attende til ein stad han kjenner
der allting strøymer saman. Alle dagar brenn
til oske som blæs bort når vinden vender
og fører med seg skuggen av ein song som går igjen.
Han går igjennom oss. Han streifar oss med minne.
Han viser seg. Nå ser vi kven
som går igjen i denne lyse dagen.
Vi høyrer songen, og vi kjenner den.
Vi veit at denne skapnad vi ser svive
er skuggen av det evig ufullførde livet.
Det er ein
song som kverv og alltid kjem igjen.
For Siri Torjesen og Ole Bøhn,
Olavsdalen,
Kristiansand – Olsok 2000