SEKEL
Tid som vatn som vind som veng
Tid som lav som lyst som lys
Tid som støv som sorg som stein
Tid som kviskrar kjem og kverv
Tid som strøymer søkk og stig
Tid som føder tid som føder tid
Tid som stille Tid som storm
Den vesle tida veks så seint
som lav på stein
Den store
tida veks som universet
utan grenser, ut dit lysår sekel og sekund
blir eitt der tid blir til
Eit sekel Skjenda, slitt og grådig
Eit sekel der dei sekel som er gått
kjem att og lar oss sjå
at allting gjentar seg, med nye former
sveipte kring eit gamalt mørker
Vi frys. Vi rykker nærare kring bålet
og finn varme der, ei lita stund
før eld og glør døyr ut
Når
logen løfter seg
og lyset flakkar over oss
eit kort sekund
ser vi kvarandre
I dine augo
blir eg til. Og du i mine
Og vi treng ikkje alt.
Eit frø, eit korn
av meining. Det er nok.
Det kjem eit barn, eit lite barn
som samlar verdens brotne bitar
opp
Eit barn Eit liv
som
lyser for oss
hentar oss og løfter oss
og ber oss med
og gir oss liv
SEKEL er tileigna Anne Marie og Toralv, Jesper og Ludvik